foto: Norsk Musikkorps Forbund (originalbilde kan lastes ned her)
Sekstetten vart sett saman til KM i mars 2011. Der vant dei suverent, 4 poeng meir enn nr 2. Det ga blod på tann og dei bestemte seg for å satsa alt på å kvalifisera seg for NM. Opptak vart sendt inn i september og jubelen stod i taket då meldinga om at dei var gjennom nålauga og hadde kvalifisert seg for finale i Oslo. Clive Zwanswiniski er instruktør og inspirator, men driven og viljen har dei sjølv! Dei er 17 og 18 år gamle, ein godt samansveisa gjeng som og er store førebilete for dei yngre i korpset. Nå er dei passeleg utlada etter helga, men ikkje verre enn at dei er i full gang med å planleggja neste års Rogalands Mesterskap.
Brass Sekstett fra Frøyland i klasse 2 under NM (opp til 19 år)
Stine L. Hagen, Ingeborg Horpestad, Sølve Berg, Simon Trefjord, Cecilie Tomlinson og Anna Kristine Aarsland



