Drømmestipendet 2011 til Sølve

Under jubileumskonserten hadde ordføraren med seg ei ekstra overrasking til Sølve Berg. Han er ein av 100 i landet som er tildelt Drømmestipendet 2011. Stipendet er på 10.000 kroner til vidare utdanning i musikk. Rektor i kulturskulen gratulerte og med stipendet. Sølve kvitterte med eit solonummer som imponerte alle.

Drømmestipendet blir delt ut av Norsk Kulturskuleråd og Norsk Tipping. Kvar kommune kan innstilla ein kandidat, deretter blir det plukka ut 100 stipendvinnarar på landsplan. I år er det 6 ungdommar i Rogaland som fekk Drømmestipend.