Under jubileumskonserten hadde ordføraren med seg ei ekstra overrasking til Sølve Berg. Han er ein av 100 i landet som er tildelt Drømmestipendet 2011. Stipendet er på 10.000 kroner til vidare utdanning i musikk. Rektor i kulturskulen gratulerte og med stipendet. Sølve kvitterte med eit solonummer som imponerte alle.
Takk til alle som var med og gjorde jubileumskonserten til ein flott kveld! Med nesten 100 korpsvenner i salen, Clive og korpset i storform vart jubileumskonserten ein stor suksess. Både korpset og sekstetten ga oss ein fantastisk konsert og stemninga i salen var stor. Ordførar, rektor og inspektør i kulturskulen kom med gode ord, pengegave og fine blomar. Representant frå regionstyret i NMF kom med helsing og me hadde besøk av våre venner i Bryne skulekorps og Bryne Musikkorps. Det vanka både blomar og massaevis av snop til musikantane. Ingen fare for lågt blodsukker i overskueleg framtid. Etter konserten var det marsipankaker, kaffi og godt drøs. Nye og gamle venner av korpset koste seg i lag og me kan trygt seia at det var godlyd rundt bordene. Igjen takk for ein gilde kveld.